Entreprenøren på Eigerøy tar inn rekordmange lærlingar i år av fleire grunnar. Selskapet er i vekst og signerer stadig nye kontraktar. Samtidig stiller offentlege oppdragsgivarar ofte krav til talet på lærlingar i prosjekta. I tillegg satsar selskapet bevisst på lærlingar.
– Det er den måten me liker best å rekruttera på. Me vil ha dei unge inn, seier Svein Olav Skregelid, som er opplæringskoordinator i Bertelsen & Garpestad.
Geir Nesland Nilsen, som er dagleg leiar i selskapet, seier det slik:
– Lærlingane er fundamentet me skal byggja framtida på.
Bransjen er ennå mannsdominert, men fem av dei 25 nye lærlingane er jenter. Nesland Nilsen seier at det sakte men sikkert går framover når det gjeld talet på jenter i anleggsbransjen.
– Kurva går ikkje bratt oppover, men me ser likevel ei stigning, seier han.
Aktuelt